Klubben

november 12th, 2010

Det var den veka eg såg Tony Takitani, ein film frå boka av Haruka Murakami. Og eg visste ikkje kva eg skulle seie om den, anna enn at den japanske hovudpersonen hadde amerikansk namvn. At mannen var buddhist og kvitta seg med jordsleg godt, og at nokon spelte saksofon. Og det var kjolar. Det handla om klede. Filmen brukte kjolane for alt dei var verdt – som grafisk element, som det som var att etter ei kvinne som gjekk bort. Den same veka som eg ser denne filmen, tar eg inn på hotell Klubben i Tønsberg. Om kvelden går eg ned i Café Pi. Ved bordet her innst, der sitt vi:
Vi er ein gjeng på seks – den største, men også minste gjengen i rommet. Vi er lent over bordet, og snakkar intenst. Vi drikk brunt gull, rust, støvlar av øl. Vi diskuterar forfattarar og avisene deira, om Pedro C-A, Morgenbladet “sin”, Levi Henriksen, som er ynglingen til lokalaviser i Vestfold, vi er amnestyidealistar, og litteraturfolk busett i Oslo. Vi delar eit og anna, og når Ane seier ein runde til? så tar eg eit glas til. I mitt stille sinn tenkjer eg: Slik er det å gå på fylla i lag. I kveld drikk vi i lag, eg og drikkevennene mine. Nye drikkevenner. Og der kjem ein til. Einar Már slår seg ned, lener seg fram, er med han også. Den gamle trotskykommunisten, den nye kommunisten, den utan navn: Kan eg ikkje bare vere “sosialist”? seier Einar Már. Og det kan han. Det kan vi. Det er det vi er. Slik er det som dei skriv om, karane som er ute med svirebrødrene sine, ute med sine nattsøstre og kompisar: Dei tenker ikkje på morgondagen, men går på trynet i lag, verdens mjukaste fall i den første snøen av hausten. Kelnaren kjem med brettet med fire øl, ei vin, og ein kaffi til Einar. Eg får glaset med raudt, og luktar, smakar, fortærer. Og nett når eg løftar glaset i augehøgd, og nikkar til Einar Már, då fortsett han historia vi var inne om: Om svirebrødre,vi snakka om venner og naboar:

- Hugsar du Siggi? seier Einar.

- Naboen din. Rasarbilkjøraren. Han som satt hos deg då eg stakk innom i Reykjavik, seier eg.

- Han pleide å kjøre meg då eg drakk, seier Einar Már. Eg spør, klumsete, om han var alkoholikar. Einar Már svarar, klårt og tydeleg ja. Det er kva han skriv om no. Snart kjem det vel som ordperlar, velartikulert, prisvinnande, i ei ny bok. Snart kjem det som artiklar i Klassekampen. Dei norske forfattarane høyrer til kvar si avis. Avislesarane høyrer til kvar sin avis. Og nett no kjennes det om om vi virkeleg høyrer til her, rundt dette bordet, på Pi, med Einar, Island sin Saabye Christensen, Per Pettersson, Dag Solstad, Murakami. Beatles, Beatles, Beatles.

Det norske essayet revisited

juli 25th, 2010

Det vanskelege spørsmålet er, vel og merke om “vanskeleg” er det den rette term – for ikkje seie det rette nivå på den termen; kanskje skal ein tillate seg imperativ når ein skriv om ein av dei mest overvurderte essayistar, essayistiske romanistar, romantikarar, romantistar, får ein kanskje seie, om ein skribent, hvis kjærleik for leddsetninger bitte saman av teikn som vik frå den teiknsettinga som folk flest lærte i norskundervisninga på skulen, parallelt med at ein, i same norskundervisning, hadde essay av denne forfattaren på pensum, kunne være; kva slags skrivestil har han i spaltene til Vinduet, og skal ein, når det er skrivestilen og den komplekse, for ikkje å seie påfunn-aktige og kreative syntaksen, heller enn kompleksiteten av tankar og idéar, som gjer det utfordrande å lese han?

Ode til Jocke

juli 17th, 2010

Og no ein sang som handlar om Kent, seier Jocke, förr vi är idiotar, seier han, og speler eit av høgdepunkta under Kentkonserten på Oslo Live, 2010. Idiotar.

Det kjem akkurat i tide. Bare minutt tidlegare hadde eg tenkt at eg ikkje kunne stå der lenger, at eg ikkje lenger orka den søte vekslinga, dei lette versa, riffa i refrenga, mot høgdepunktet: ”Du känner inte mig! Nei, du känner inte mig!” Då eg var yngre likte eg alt dette triste, erkjennande, eksistensialistiske hos Kent. Eg var ubekymra. Eg flørta med den absolutte einsemda, du veit, utan at det virkeleg skremte meg. No er alt annleis. No har familiemedlem vore råka av kreft, og døydd alt for fort og med alt for stor smerte. No har tak ramla ned, gassomnar lekkt. Huset mitt vore brote inn i. Det er ikkje rom der lenger til for ekstra tristesse. Eg skulle til å gå frå heile Oslo Live, då melankolia muterar over i noko anna. I noko meir varsamt. Regnet kommer, syng Joakim, og regnet kjem. Store, tunge, varme dråpar over sommaroslo. Det har blitt mørkt by now. Lyskastarane gjer dråpane til perlar. Pearl Jam. Vennen min og eg står nesten framst. Vi har sett vårt, og er ikkje redde for massen, trengsla, døden. Jocke fyller førti i år, og kallar seg idiot. Vi er idiotar alle i hop. Jocke fyller førti, men er inderleg. Vi er inderlege alle i hop. Dansen smittar. Sminka smittar. Håret ligg mot skallen, t-skjorta over bringa, dampen over massen. Og vi dansar, på likt, noko anna går ikkje an, så tett som vi står. Kent er det beste livebandet Skandinavia har – akkurat no. Oslo Live hadde ikkje overlevd utan.

Ta resten. Bare ta det.

juli 3rd, 2010

Tjueni kroner tilbake, seier Bunnprismannen, og rekk fram handa. Han har ein ring rundt tommelen. Ringen har form og farge som ein giftering. Myntane er tunge i handa mi.
Og no skal du ut att i sola? seier han.
Nei, no skal eg leite etter litt ly frå sola, seier eg. Bunnprismannen svarar:
Det er heitt som h, og varmare skal det bli. Paradiset vårt brann ned i går. Så i kveld blir det bæring av esker, seier mannen. Eg ser nok sjokkert ut. Mannen seier:
Nei, nei, ikkje slik. Det var ikkje ein brann. Men eg blir kasta ut av paradis i kveld. Du veit, ting tar slutt…. seier mannen, som eg ikkje eingong veit namnet til. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er ikkje noko å seie, men alt å gjere. Eg gir han vekslepengane tilbake, og går til kjøleskapet etter den jusen som eg veit at kjærasten min likar.
Eg tar denne også eg, seier eg.
Likar du også den? seier han. Eg nikkar bare. Så finn eg ly, heime.

Sist lest: “IRL” av Ranveig Revhaug (Flamme Forlag 2010)

mai 6th, 2010

Ei Ung Kvinne blir eit Tetris-spel. Livet hennar får operom som ho fyller med brikkar i sterke fargar.

EI UNG KVINNE
Hei du
Du med boka
Kva gjer du for å fylle tida di?

BOKMELDAREN
Eg les “IRL” av Rannveig Revhaug

EI UNG KVINNE
“IRL”?

BOKMELDAREN
In Real Life
Det er dataspråk for “Ikkje på data, men i verda”.
Ein skriv, sånn, Eg møtte han “IRL”.

EI UNG KVINNE
Ah, Ai Ar Ell,
Det er Flammeboka! den er sikkert intellektuell, spesiell?

DEN TRAUSTE BOKMELDAREN
“IRL” er eit kunstverk, kor alt er på stell
Manus har få tomrom
Er ei heil form
Men..

EI UNG KVINNE
Men..
… det er noe som manglar?
Ein x-faktor?

DEN TRAUSTE BOKMELDAREN
?

EI UNG KVINNE
X-faktor som i X-factor, TV-serien:
Serien begynte i Storbrittania
No har mange andre land fått sin utgåve av “X-factor”. Ungarn er det siste, som begynner visninger i haust.
Serien er eit slags talentform, som tar utgangspunkt i at “X-faktor” er ein vanskeleg identifiserbart personlegdomstrekk, det som gjer noen særskilt, men som er vanskeleg å skildre
Det deriverar frå det matematiske “X”, som er ein variabel av i utgangspunktet ukjent storleik.
X-factor kan også referere til songen av Lauryn Hill, eit amerikansk brytelag, og ei plate av Iron Maiden

Den trauste bokmeldaren sett fingeren for munnen, hysjar, og gir Jenta ein nøkkel. Jenta stikk nøkkelen sin inn i eit ope rom, og vrir rundt.


1. Intro
Dét som du nettopp las, er ikkje sitat frå “IRL”, men bokmeldaren sitt forsøk på å herme boka. Det liknar bare overfladisk. Difor skal eg, som er bokmeldaren, prøve å skildra boka med vanleg, løpande tekst:

Forfattar Rannveig Revhaug er fødd til bydelen 0550 OSLO i 1980. Dette kullet frå 0550 OSLO tente omkring 200 000 kroner i gjennomsnitt i 2008. Revhaug tente 75 kroner då, er utdanna tekstforfattar frå Westerdahls Reklameskole, og er frontfigur i Eurodance-bandet Knips. Knips har videoar på utube. Den eine videoen nærmar seg 200 000 visninger.

Oppsettet i “IRL” liknar filmmanus. Dramaoppsettet skapar distanse og forsøksvis objektivitet. Eg les det som ein punktroman, som brukar dramaforma som virkemiddel.

No skal eg sjå på plottet i boka, og prøve å skildre det som hever dette frå manus, til ei god bok av ein språksikker debutant.

2. Plot
“Den Unge Damen” speler dataspel. Ho går til kafé, på butikken, og til jobb, som også er ein butikk. Ho får ein hund, og sluttar i jobben, reiser til Russland, og kjem heim att. Ho tar taxi til pub og casino, og har sex med tilfeldige menn.

Ho refererar til Donkey Kong, Pac-Man, Monkey Island, og andre dataspel, TV-seriar og andre mediale plattformar som Revhaug hentar referansar frå. Desse er med på å bygge universet rundt “Den Unge Damen”:

3. Univers.
“Den Unge Damen” har samtaler med andre damer, menn, tolkar, trøystespisande kvinner, rektorar, framande folk på internett, og ein vanleg person. Mellom andre. Replikkane minner meg noen gonger om Sarah Kane, eller Maria Tryti Vennerød:

Henge, denge! Krenge, fenge! Senge, lenge! Gi meg alle dine penge! Skylder meg en cola, tatt! Tatt!

No og då synes eg å høyre Erlend Loe sin stemme. Hal Sirovic, i omsetting av Erlend Loe, er no og då å finne i stemma til “Den sårbare, gamle mannen”. Denne mannen og “Forbrukarombodet” fyller kvar sine opplysningsrollar. Den første er ein far. Den andre ein folkeopplysar: “Er endelig svar avgitt?” Laurdagskveldar, NRK, Kvitt eller Dobbelt.

Eg les den norske staten/ sosialdemokratiet som noe tydeleg i ei uryddig verd. Forma er også stø. Den er stort sett konsekvent. Forfattaren bryt mønsteret før det rekk å bli monotont. Noen sider er dikt, og andre handlingsreferat. Når den er dramatekst, liknar den altså filmmanus. Boka har ambisjon om å viske ut grensene mellom RL og data: “Den Unge Mannen” gjer kjøreturen til jobben til bilspel. “Den Unge Damen” tar med seg dataspelet pipeline ut “IRL”. Ho trur ho høyrer det renne i røyr, og må tisse.

4. Litterære virkemiddel
4.1. I dramateksten er fortellaren ei floge på veggen. Ho står utanfor handlinga, og skriv alt i tredje person. Fortellaren er aldri synleg, refererar objektivt, og skriv aldri på ein synleg subjektiv måte. Dette er sjølvsagt bare tilsynelatande. Teksten er alltid farga av fortellaren. Men i denne typen oppsett, er det subjektive aspektet meir løynd. Det skapar ein distanse, og ein nøktern og sober tone. Tona kler tema. Det er viss eg som virkar å vere framangjering i ei tida når “alle” driv massemedial kommunikasjon, og det finnst eit “informasjonskaos”.

4.2. Informasjonen
Ein har det med å sette likskapstrekk mellom mykje informasjon, og framandgjering. Om ein får fleire inntrykk enn ein klarar å fordøye, til dømes, så sluttar ein å gjere informasjonen til sitt eige. Det er mykje informasjon og kuriøse fakta i denne boka. Ikkje meir enn at eg kan ta det inn, og ikkje på ein måte som virkar framandgjerande, les; skrive i eit utilgjengeleg språk. Tvert om. No og då tar “Den Unge Damen” kontakt “Forbrukerombudet”. Denne karakteren kjem til å ta på seg alle slags rollar. Han blir meir som eit universelt orakel som trekk linjer til mange vitskaper. Eit døme (min skråstilling):

FORBRUKEROMBUD:
(Sukker oppgitt) En misvisning, også kalt magnetisk deklinasjon, er vinkelen mellom kompassnålens retning og den geografiske nord-sør-retningen.

EI UNG KVINNE:
Jaha. Hva har det med meg å gjøre?

FORBRUKEROMBUD:
Som tidligere nevnt: absolutt ingenting. Jordens magnetiske nordpol ligger på ca. 82-83° nord, faktisk ved Ellef Rignes øy i Canada. Den flytter seg for tiden mot nordvest ca. 40 km i året; mens sydpolen ligger på ca. 66° sør, på Adélie-kysten av Antarktis sør for Australia. Den flytter seg 13 km pr. år mot sørvest. Slik berøres du likevel direkte, uten at vi trenger å gå nærmere inn på det.

4.3. Informasjon og drama
Ein annan litteraturkritikar, Umberto Eco, viser at informasjon er poesi: Jo meir objektiv og nøtkern informasjonen blir, jo opnare blir den. Ettersom eg skjønnar Eco, er det opne poetisk. På denne måten blir teksten til Revhaug poetisk og kjenslelada sjølv om den er skrive i eit sobert språk:

Littearturteoretikaren Roland Barthes Han meinte at den dramatiske teksten var fri for “støy”. Med det meinte han at dramateksten manglar tomme eller irrelevante tekstar. “Alt er lada og har ei meining”*. Dette auker krava til dramatikaren. Ho må vege kvart ord. Kvart ord står ut, står fram, og virkar betydeleg. Oftast er det replikkane som er det betydelege. Men når teksten blir gitt ut som bok, er også sceneanvisningene ope for lesaren. Sa eg at scenetekstforma var lukka? At fortellaren er skjult? Ein forfattar kan aldri skjule seg heilt. Ein avslører alltid noe om seg sjølv:

5. Til kven skriv ho?
Hovudpersonen snakkar oftast til ein eller fleire andre. Mot slutten snakkar ho til deg som les. Noen gongar snakkar til seg sjølv. I det neste sitatet, snakkar ho til datamaskina si. (Linjeskift og plassering av ord og teikn er ikkje identiske med den i boka):

Pipe Dream

Lyden av rennende van. Dn unge damen bygger noe.

EI UNG KVINNE
Jeg må tisse.
Nei da. Det er nok bare lyden av det rennende vannet som gjør at jeg tror at jeg må det.
Å.
Jeg må på ordentlig. Jeg kan ikke bare gå fra her.
Går det ikke an å sette på pause?
F5! Space! Control P! Stopp! Enter! Helvete! PAUSE!

“Pipe Dream” kan vere ein referanse til “Pipeline”; eit klassisk spel frå Amiga-tida. Tetris er eit anna spel frå den tida:

Tetris mot traumer

Og
slik
rydder
den unge damen
bedre plass
til selve livet,
hun føler
straks at hun får en
slags
omstart

Tetris er ein liten og spesifikk ting som får store konnotasjonar. Det store og det lille blandar seg også i denne teksten:

OFTE STILTE SPØRSMÅL:
(…) Har du søkt på jobber? Fått noen av dem? Kommet inn på skole? Hvem spiller du på lag med, hva skal du til høsten, hvilken mennesketype er du? Har du sovet godt? Er du interessant? (…) Vil du ha kvittering? Hva er din mentale alder? Er du lei av flekker på klærne, som ikke går av i vask?

“Ofte stilte spørsmål” er ein upersonleg inngang til ein tekst som kunne ha henvendt seg direkte til deg. Spørsmåla i denne teksten kunne ha vore til deg. Men dét er nært. Revhaug manar fram ein annan effekt:

6. Stilen bygger opp under tema:

Kontaktsøking og drømmar om kjærleik og fellesskap. Lengt, framandgjering og aleineangst. Dét har eg lese om før, i “Vi har så korte armar” av Olaug Nilssen, “alle_forteller_meg_hvor_bra_jeg_ (…)” av Audun Mortensen, osv. Men det er takter av noe anna her, noe meir vågalt og annleis. På side ni, seier “Den Unge Damen”: “Jeg vil bli mor”. Opprøret mot 68′ar-generasjonen har pågått ein stund. Det er ikkje dét som er interessant med fråsegnet. “Den Unge Kvinnen” vil fylle tomrommet i seg sjølv, bokstaveleg tala. Slike fråsegn er noen av alle brikkane som til saman dannar det heile, tette bildet av “IRL”. Bildet er ein haug. Den har ein topp, kor alt bygger seg opp:

7. Om å bygge seg opp, og opp:

Om du sett eit gevær på scena i første akta, så skal geværet avfyre eit skot før stykket er slutt. Revhaug samlar alle trådane sine i dei siste scenen sine. Ho lar alle karakterar og medverkande komme saman i ei grand finale.

Dette kunne ha vore ei metabok om dramatikk. Det er både meir og mindre. Revhaug lovar ein særeigen type dramatikk. I baksideteksten er oppteken av ein særeigen type dramatikk: Dataspel

Denne bokmeldinga er også ein hybrid. Den begynte som ei herming av dramaoppsettet. Det å herme boka eg melder, er herme etter andre bokmeldarar. Johnny Hallberg herma boka “Køen” som kom ut på Flamme i fjor. Det gjorde han i Morgenbaldet. Om “IRL” var skildra av Morgenbladet, Klassekampen, Syn og Segn, eller tidsskrift som Vagant og Vinduet, kunne dei ha brukt fråsegn som

7.1. “Teksten treng kontekst for å skape meining”. Kontekteksten til “IRL” er omslaget, baksideteksten, og dei artiklene og informasjonen som Flamme Forlag legg ut på heimesida si. Dette materialet, tilsamans, lagar universet “IRL”; eit møte mellom datamaskin, dataspel, og livet i den norske storbyen i dag.

7.2. “Her er absurde dreininger av handlingen”. Det betyr at Revhaug lar umoglege ting skje.

7.3. “Forfattaren stiller spørsmålsteikn ved konsensuspregede haldninger, og lar hovudpersonen handle mindre konformt”. Det betyr at hovudpersonen gjer noen rare ting.

7.4. “Digitale virkemiddel” = At det står `< på bokryggen

7.5. "Framandgjering" = At det handlar om informasjonskaoset, og kjensla av å vere overkjørt, og ikkje tilstades i eige liv

Det er splitting og tomrom i alt, der ute. Det er ofte håplaust å sjå til samfunnet etter heilskap og einskap. Revhaug lagar det sjølv, ho, når ho samlar alle trådane sine til ein tragikomisk semifinale. Før "Rulleteksten" møter ho om att folk som blir nemnte i begynninga av teksten. Det viser seg at dei også har møtt kvarandre. I "finalen" til slutt møter ho også deg. Eventuelt så møter du deg sjølv - i ho.

Eg synes at det er blitt ei velykka bok på sine eigne premiss. Dramaformen er direkte, og tar meg ofte rett dit kor det brenn. Revhaug er språksikker, vittig, skarp og virkar å ha kontroll over dei litterære virkemidla sine. Som sagt er boka hennar på mange måtar fullstendig. Men i neste bok, håpar eg at ho vel seg ei anna historie, eit anne konsept, eller ein annan, og meir amibisiøs idé. Ho skal gjere boka heil og fullstendig då også. Men fordi ambisjonsnivået er høgare, skal det bli ei enno betre bok. Det klarar ho. Det er grenser for kor lenge eg orkar å følgje ein protagonist som harsom prosjekt å avsløre at "Tipp og Tobakk"-kiosken er ein butikk. For å seie det med oslobandet Harrys Gym: This kind of love doesn't take you anywhere else but here.

Om "IRL" var ein låt i iTunes-biblioteket mitt, så kunne eg ha gitt den opp til fem stjernar. Eg vil ikkje gi stjernar, og skal ikkje felle noen dom over denne boka. Men om noen spør meg om eg anbefalar den, så vil eg seie ja. Eg vil gjerne ha boka i bokhylla mi, og ta den fram no og då og lese små og store gullkorn, som når "Den Unge Damen" blir dressert til å dressere en liten hund:

Vær så god

DEN SÅRBARE, GAMLE MANNEN:
Her. Du må gi den riktig mat. Den må gå tur hver dag. Av og til må den tre av på naturens vegne, og da må du ta den med ut i parken. Du må plukke opp etter den så andre ikke tråkker i det. Du må passe på så den ikke biter barn. Du må dressere den til ikke å bjeffe. Du må alltid ha et bånd når du er ute. Du må gi den et kort navn. Navnet må helst begynne på en konsonant, og slutte på en vokal. Tina, Toya og Tinka er fornuftige hundenavn. Og du kan absolutt ikke la den gjøre som den vil i leiligheten.

(…)

* Sitat frå boka “Å lese drama” av Frode Helland og Lisbeth Pettersen Wærp

(Meldinga er for www.magasinett.info, ei nettside for ungdom)

skrømt

april 13th, 2010

dotter til hege siri les “1, 2, tre”

april 10th, 2010

mars 30th, 2010

februar 6th, 2010

Álfoss, Island, var eit rekreasjonsområde. No er fossen demma opp, og blitt eit kraftverk. Herfrå går det høgspentledninger i alle retninger. Fossen får framleis flaume, på eit vis, i enden av straumlinjene.

februar 6th, 2010

kona mi sier