Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Innkjøp + Gull i Visuelt

Bildet er frå Visuelt-utdelinga, og er tatt av Svein Størksen, forleggaren som står bak matchinga av Tord Torpe + M. Karlsvik (Magikon forlag)

 

Teikneserien Kjøt er no å finne i tusen bibliotek over heile landet. Den kom gjennom den selektive innkjøpsordninga. Og teiknaren, Tord Torpe, tok endåtil den gjævaste prisen under Visuelt-utdelinga for bilda i boka.

tor.april.2019

Innkjøpsordninga for nye, norske teikneserier er selektiv, noko som betyr at eit utval les og vurderer den kunstnariske kvaliteten. I runde #2 2018 vart halvparten av dei påmeldte titlane innkjøpt og halvparten nulla. Tord Torpe og min teikneserie Kjøt var av dei innkjøpte. Det er ikkje overraskande, i og med Tords eksepsjonelle illustrasjonsarbeid. Her er ein tilnærma uendelegheit av visuelle referansar, og sjølvstendige historier langsmed den verbale historia. Han tok Gull i kategorien illustrasjon for Kjøt. 

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2023 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme