Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Valt ut av D2

 

Teikneserieboka Kjøt av Tord Torpe og meg er D2s utvalde bok i dagens avis.

fre.juni.2018

Verken før eller seinare har eg hatt så gode arbeidsvilkår som under eit vikariat for D2 i 2008. Avisa var nyoppstarta, redaksjonen fantastisk på alle måtar: entusiastiske, vel skolerte i featureskriving av Gry frå DN Magasinet og røynd redaktør Anna B. Det var lov å bruke tre veker på ei reportasje, og før det hadde ein allereie brukt god tid til å vurdere idear att og fram før dei eventuelt blei til sak. 

Det er av grunnane til at det er stor stas å få plass i D2-spaltene i dag, fredag 29. juni. Her kan ein m.a. lese om korleis arbeidet til Tord fekk fart under skogsresearch heime i Hardanger, sjølv om handlinga er lagt til marka utanfor Oslo. "Skog er skog", seier Tord. 

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2025 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme